YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 5

5
Bergpreika
(Kap. 5–7)
Sæle er dei!
(Luk 6,20–23)
1Då Jesus såg folkemengda, gjekk han opp i fjellet. Han sette seg, og læresveinane samla seg om han. 2Då tok han til orde og lærte dei:
3 # Jes 57,15 # 5,3 Sæle Det gr. ordet svarar til eit formelaktig hebr. uttrykk der eit menneske blir gratulert med lukka si i notid eller framtid. =sæle er dei. «Sæle dei som er fattige i ånda,
himmelriket er deira.
4 # Sal 126,5; Jes 61,2f Sæle dei som sørgjer,
dei skal bli trøysta.
5 # Sal 37,11 Sæle dei audmjuke,
dei skal arva jorda.
6 # Ordt 21,21; Jes 55,1 Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda,
dei skal bli metta.
7 # Jak 2,13 Sæle dei miskunnsame,
dei skal få miskunn.
8 # Sal 24,3f; 73,1; Joh 3,3 Sæle dei reine i hjartet,
dei skal sjå Gud.
9 # Hebr 12,14 Sæle dei som skaper fred,
dei skal kallast Guds born.
10 # 1 Pet 3,14 Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld,
himmelriket er deira.
11 # Kol 1,24+; 1 Pet 4,14 Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis. 12#2 Krøn 36,16; Matt 23,30ff; Apg 5,41; 7,52; Jak 5,10Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen. Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.
Saltet på jorda og lyset i verda
(Mark 9,50; 4,21; Luk 14,34–35; 8,16; 11,33)
13 # Job 6,6 # 5,13 saltet på jorda Salt og salthaldige mineral vart brukte til å betra jorda. =salt. De er saltet på jorda! Men mistar saltet si kraft, korleis skal det då bli gjort til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; dei kastar det ut, og folk trakkar det ned.
14 # Joh 8,12; Ef 5,8ff; Fil 2,15 De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast. 15#Luk 8,16Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset. 16#1 Pet 2,12Slik skal lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!
Lov og oppfylling
17 # Rom 3,31 # 5,17 lova eller profetane Dei heilage skriftene til jødane har tre delar: lova (1–5 Mos), profetane (Jos, Dom, 1–2 Sam og 1–2 Kong) og skriftene (dei andre bøkene med Sal som den viktigaste). =Skrifta. Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla. 18#24,35; Luk 16,17#5,18 Sanneleg gjev att det hebr. ordet amen, «det står fast», «det er sikkert og sant». =amen. ein einaste prikk ein liten hake eller strek som vart brukt til å skilja frå kvarandre nokre svært like hebr. bokstavar.Sanneleg, eg seier dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå – før alt har hendt. 19#Jak 2,10Den som opphevar eit einaste av desse minste boda og lærer menneska såleis, skal reknast som den minste i himmelriket. Men den som held boda og lærer andre å gjera det, skal reknast som stor i himmelriket. 20#23,13fJa, det seier eg dykk: Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda til dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket.
Drap og vreide
21 # 2 Mos 20,13; 21,12 De har høyrt det er sagt til forfedrane: ‘Du skal ikkje slå i hel. Den som slår i hel, skal vera skuldig for domstolen.’ 22#1 Joh 3,15#5,22 sint på bror sin Yngre handskrifter legg til «utan grunn». Det høge rådet den øvste domstolen til jødane. =Rådet, Det høge rådet. helvetes eld straffestaden i endetida. =helvete.Men eg seier dykk: Den som blir sint på bror sin, skal vera skuldig for domstolen, og den som seier til ein bror: ‘Din tosk!’ skal vera skuldig for Det høge rådet, og den som seier: ‘Din gudlause narr!’ er skuldig til helvetes eld.
23 # Mark 11,25 Når du går fram til altaret med offergåva di, og du der kjem i hug at bror din har noko imot deg, 24så lat gåva di liggja framfor altaret og gå først og forlik deg med bror din. Så kan du koma og bera fram offeret ditt! 25#18,34; Luk 12,58fVer snar til å forlika deg med motparten din medan du enno er med han på vegen. Elles stemner han deg for dommaren, og dommaren gjev deg over til vaktmannen, og du blir kasta i fengsel. 26#5,26 øre lita romersk mynteining. =mynt.Sanneleg, eg seier deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre.
Ekteskap og skilsmisse
27 # 2 Mos 20,14 De har høyrt det er sagt: ‘Du skal ikkje bryta ekteskapet.28#Job 31,1Men eg seier dykk: Den som ser på ei kvinne og har lyst på henne, har alt gjort ekteskapsbrot med henne i hjartet sitt. 29#18,8f; Mark 9,47Om høgre auget ditt lokkar deg til fall, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg at du mistar ein kroppsdel, enn at heile kroppen blir kasta i helvete. 30#Mark 9,43Og om høgre handa lokkar deg til fall, så hogg henne av og kast henne frå deg! Det er betre for deg at du mistar ein kroppsdel, enn at heile kroppen kjem i helvete.
31 # 5 Mos 24,1; Matt 19,3ff Det er sagt: ‘Den som skil seg frå kona si, skal gje henne skilsmissebrev.’ 32#Mark 10,4.11f; Luk 16,18; 1 Kor 7,10fMen eg seier dykk: Den som skil seg frå kona si av annan grunn enn hor, han valdar at andre bryt ekteskapet med henne. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, bryt ekteskapet.
Eid og sanning
33 # 2 Mos 20,7; 3 Mos 19,12; 4 Mos 30,3 De har òg høyrt det er sagt til forfedrane: ‘Du skal ikkje sverja falskt’ og: ‘Du skal gje til Herren det du har lova han med eid’. 34#Jes 66,1; Matt 23,21f; Jak 5,12Men eg seier dykk: De skal ikkje sverja i det heile, verken ved himmelen, for det er Guds kongsstol, 35#Sal 48,3eller ved jorda, for det er fotskammelen hans, eller ved Jerusalem, for det er byen til den store kongen. 36Heller ikkje skal du sverja ved hovudet ditt, for du kan ikkje gjera eit einaste hårstrå kvitt eller svart. 37Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei! Alt som er meir enn det, er av det vonde.
Å løna vondt med godt
(Luk 6,29–30)
38 # 2 Mos 21,24 De har høyrt det er sagt: ‘Auge for auge og tann for tann.39#3 Mos 19,18; Rom 12,17ff; 1 Pet 3,9Men eg seier dykk: Set dykk ikkje til motverje mot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på høgre kinnet, så vend òg det andre til. 40#2 Mos 22,26f; 1 Kor 6,7Vil nokon saksøkja deg og ta skjorta di, så lat han få kappa òg. 41#5,41 Tvingar … følgja han militærteknisk uttrykk. Romarane kunne tvinga innbyggjarane i eit land til å følgja med dei romerske troppane som vegvisarar, berarar e.l. mil Ei romersk mil (lat. milia) var ca. 1,5 km.Tvingar nokon deg til å følgja han éi mil, så gå to med han. 42Gjev til den som bed deg, og vend ikkje ryggen til den som vil låna av deg.
Elsk fiendane dykkar
(Luk 6,27–28.32–36)
43 # 3 Mos 19,18 De har høyrt det er sagt: ‘Du skal elska nesten din og hata fienden din.’ 44#2 Mos 23,4f; Luk 23,34; Apg 7,60; Rom 12,14#5,44 Dei eldste handskriftene har ein kortare variant: «Elsk fiendane dykkar og be for dei som forfølgjer dykk.» Jf. Luk 6,27f.Men eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, °velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk,• og be for dei som °mishandlar dykk og• forfølgjer dykk. 45Slik kan de vera born av Far dykkar i himmelen. For han lèt si sol skina over vonde og gode og lèt det regna over rettferdige og urettferdige. 46#5,46 tollarane Oppgåva med å krevja inn =toll og avgifter i Romarriket vart pakta bort til særskilde tenestemenn. Dei var ofte freista til å ta større toll enn dei hadde rett til (Luk 3,12f). Jødar som tok på seg den slags arbeid, vart rekna som ureine, forakta av landsmennene sine og jamstelte med openberre syndarar.Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løna dykk for? Gjer ikkje tollarane det same? 47Og om de helsar venleg på dykkar eigne, kva stort gjer de då? Gjer ikkje heidningane det same? 48#3 Mos 19,2#5,48 fullkomne Det gr. ordet er i evangelia berre nytta her og i 19,21, der det er omsett «heilhjarta». Jf. 5 Mos 6,5; Matt 22,37.Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.

Currently Selected:

Matteus 5: NO2011NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in