YouVersion Logo
Search Icon

Lukas 5

5
Peters fiskefangst
(Matt 4,18–22; Mark 1,16–20)
1 # 5,1 Gennesaretsjøen innsjø som andre stader blir kalla Galileasjøen (Matt 4,18; 15,29; Mark 1,16; 7,31; Joh 6,1) eller Tiberiassjøen (Joh 6,1; 21,1). Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaretsjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord. 2#5,2 garna Nota som vart kasta frå båt, var sett saman av tre garn, kvart på opptil 15 m. =fiske.Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde stige ut av dei og heldt på å skylja garna. 3#Mark 3,9Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og underviste folket frå båten.
4 # Joh 21,6 Då han hadde tala ferdig, sa han til Simon: «Legg ut på djupet og set garna, så de kan få fisk.» 5#5,5 Meister «lærar», tittel nytta om jødiske lovlærarar.«Meister», svara Simon, «vi har streva i heile natt og ikkje fått noko. Men på ditt ord vil eg setja garna.» 6Så gjorde dei det, og då stengde dei slik ei mengd med fisk at garna heldt på å rivna. 7Dei gav teikn til arbeidslaget i den andre båten at dei skulle koma og ta i med dei. Og då dei kom, fylte dei begge båtane, så det var nære på dei sokk. 8Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: «Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.» 9For både han og alle som var med han, vart fulle av otte og undring over fiskefangsten dei hadde fått. 10Like eins var det med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, som fiska saman med Simon. Men Jesus sa til Simon: «Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske.» 11#18,28Så rodde dei båtane i land, gjekk frå alt og følgde han.
Den spedalske mannen
(Matt 8,1–4; Mark 1,40–45)
12 # 5,12 spedalsk Ordet viser til ein hudsjukdom. =sjukdom. Ein gong han var i ein av byane, kom ein spedalsk mann, full av sår. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned med andletet mot jorda og bad: «Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.» 13Jesus rette ut handa og rørte ved han. «Eg vil», sa han. «Bli rein!» Og med det same var sjukdomen borte. 14#3 Mos 14,2ff; Luk 17,14Jesus forbaud han å seia det til nokon. «Men gå og vis deg for presten», sa han, «og ber fram eit offer for reinsinga di, slik som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.» 15Men ordet om han spreidde seg berre endå vidare, og folk kom i flokk og følgje for å høyra på han og bli lækte for sjukdomane sine. 16#4,42+Men sjølv trekte han seg ofte tilbake til aude stader og var der og bad.
Den lamme mannen
(Matt 9,1–8; Mark 2,1–12)
17 # 5,17 farisearar =retningar innanfor jødedomen. lovlærarar svarar til «skriftlærde» (v. 21) og «lovkunnige» (7,30), i dette tilfellet ein del av fariseargruppa. Ein dag heldt han på og underviste, og der sat farisearar og lovlærarar som var komne frå alle landsbyane i Galilea og frå Judea og Jerusalem. Jesus hadde Herrens kraft så han kunne lækja. 18Då kom nokre menn berande med ein som var lam og låg på ei båre. Dei prøvde å bera han inn og setja han ned framfor Jesus, 19#5,19 takstein Det flate taket vart halde oppe av takbjelkar. Mellomrommet var fylt med flettverk av kvist og dekt med ei blanding av leire og strå. I romerske hus var det dessutan vanleg med takstein av brend leire.men såg seg inga råd til å koma inn med han for folkemengda. Så gjekk dei opp på taket, tok til sides takstein og firte han ned på båra, beint framfor Jesus. 20#7,48Då Jesus såg trua deira, sa han: «Ven, syndene dine er deg tilgjevne.» 21#Sal 103,3; Jes 43,25; 1 Joh 1,9#5,21 skriftlærde ei gruppe lærarar som hadde ansvar for å leggja ut lova i det jødiske samfunnet. =retningar innanfor jødedomen.Men dei skriftlærde og farisearane tenkte med seg: «Kva er dette for ein? Han spottar Gud. Kven andre kan tilgje synder enn Gud åleine?» 22Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Kva er det for tankar de går med i hjartet? 23Kva er lettast å seia: ‘Syndene dine er deg tilgjevne’ eller: ‘Stå opp og gå’? 24#5,24 Menneskesonen den nemninga Jesus oftast bruker om seg sjølv. Jf. Dan 7,13f. =Jesu titlar.Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no tala han til den lamme – «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!» 25Og med ein gong reiste mannen seg midt for auga deira, tok båra som han hadde lege på, og gjekk heim med lov og takk til Gud. 26Då vart dei alle heilt frå seg av undring og lova Gud. Og fulle av otte sa dei: «I dag har vi sett utrulege ting!»
Jesus kallar Levi
(Matt 9,9; Mark 2,13–14)
27 # 5,27 tollbua Kapernaum låg ved den viktige handelsvegen Via Maris mellom Syria og Middelhavet. =toll. Levi blir kalla Matteus i Matt 9,9. Sidan gjekk Jesus ut. Då fekk han sjå ein tollar som heitte Levi. Han sat på tollbua. Jesus sa til han: «Følg meg!» 28Då stod han opp, gjekk frå alt og følgde Jesus.
Fest og faste
(Matt 9,10–17; Mark 2,15–22)
29Levi heldt eit stort gjestebod for han heime hos seg. Og ein heil flokk tollarar og andre var til bords saman med dei. 30#15,2#5,30 læresveinane Farisearar og skriftlærde samla òg eigne elevar, kalla læresveinar. tollarar og syndarar Oppgåva med å krevja inn =toll og avgifter i Romarriket vart pakta bort til særskilde tenestemenn. Dei var ofte freista til å ta større toll enn dei hadde rett til (Luk 3,12f). Jødar som tok på seg den slags arbeid, vart rekna som ureine, forakta av landsmennene sine og jamstelte med openberre syndarar.Farisearane og dei skriftlærde blant dei murra og sa til læresveinane: «Kvifor et og drikk de saman med tollarar og syndarar?» 31Men Jesus svara: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har det vondt. 32#19,10; 1 Tim 1,15Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending.»
33 # 5,33 fastar avstår frå mat og drikke. På Jesu tid var det vanleg at lovtrue jødar fasta to dagar i veka. Så sa dei til han: «Læresveinane til Johannes fastar ofte og held bøn, og det same gjer læresveinane til farisearane, men dine et og drikk.» 34#Jes 62,5; Matt 9,15; Joh 3,29; 2 Kor 11,2; Ef 5,23ff; Op 19,7«Kan de få bryllaupsgjestene til å fasta medan brudgomen er hos dei?» svara Jesus. 35«Men det skal koma ei tid då brudgomen blir teken frå dei, og når dei dagane kjem, då skal dei fasta.»
36Han fortalde dei òg ei likning: «Ingen riv eit stykke av eit nytt klesplagg og bruker det til bot på eit gammalt. For då blir det nye klesplagget sundrive, og bota frå det nye passar ikkje på det gamle. 37#5,37 skinnsekker Ny vin måtte lagrast i nye skinnsekker, som utvida seg og ikkje rivna når vinen gjæra.Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer den nye vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde. 38Nei, ny vin må ein fylla i nye skinnsekker. 39Og ingen som har drukke gammal vin, har lyst på ny. Han vil seia at den gamle er best.»

Currently Selected:

Lukas 5: NO2011NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in