Job 5
5
Gud sårar og lækjer
1 #
4,18
Rop berre! Er det nokon som svarar?
Kven av dei heilage vender du deg til?
2Uro tek livet av den dumme,
sinne drep den godtruande.
3 #
Sal 37,35ff Eg såg den dumme slå rot,
men brått måtte eg forbanna bustaden hans.
4 # 5,4 porten rettsforsamlinga i byen. Jf. Rut 4,1ff. Borna hans var verjelause,
knuste i porten, og ingen hjelpte dei.
5 #
Sal 109,11
# 5,5 mellom tornar korn vart òg sådd på upløgd mark. Jf. Matt 13,3–8. Dei svoltne åt opp avlinga hans,
tok henne, endåtil mellom tornar;
og dei tørste greip etter godset hans.
6For ulukke skyt ikkje opp av støvet,
og liding gror ikkje opp av jorda.
7 #
1 Mos 3,17–19
Men mennesket er fødd til liding,
gneistar som flyg høgt i vêret.
8Sjølv ville eg heller ha vendt meg til Gud,
ja, til han ville eg ha overgjeve mi sak,
9 #
9,10
han som gjer storverk ingen kan granska,
og under ingen kan telja.
10 #
36,27; Sal 65,10ff Han gjev regn over jorda,
sender vatn ut over åker og eng.
11 #
1 Sam 2,7f; Sal 113,7f; Luk 1,52 Han reiser dei nedbøygde opp,
reddar og tryggjar dei sørgjande.
12 #
Neh 4,15; Sal 33,10; Jes 8,10 Han knuser planane til dei listige,
deira verk lukkast ikkje.
13 #
1 Kor 3,19
Han fangar dei vise i deira list,
snedige planar er forhasta.
14 #
3,4–9
Om dagen møter dei mørker,
ved middagstid famlar dei som om natta.
15Så reddar han den fattige
frå dei mektiges sverd, munn og hender.
16 #
Sal 107,42; Mi 7,16 Då blir det håp for den svake.
Vondskapen lèt att sin munn.
17 #
Ordt 3,11ff; Hebr 12,5ff; Op 3,19 Sæl er den som Gud viser til rette.
Du skal ikkje forakta formaning frå Den veldige!
18 #
5 Mos 32,39; 1 Sam 2,6; Hos 6,1 For han sårar, og han bind om såra.
Han knuser, og hans hand lækjer.
19 #
Sal 91,3ff; Ordt 24,16 Gjennom seks trengsler bergar han deg,
og i den sjuande skal ulukka ikkje nå deg.
20 #
Sal 33,19; Jer 39,18 I uår friar han deg frå døden
og i krig frå kvasse sverd.
21 #
Jes 54,17
Du er trygg for stikkande tunge
og fryktar ikkje komande ulukke.
22Du ler av ulukke og hungersnaud
og fryktar ikkje dyra på jorda.
23 #
1 Mos 9,9f; Esek 34,25; Hos 2,18 For du har ei pakt med steinane på marka.
Villdyra held fred med deg.
24Du får oppleva fred i telta dine,
når du går over eigedomen, manglar du ingen ting.
25Du får oppleva at ætta veks,
etterkomarane dine blir som gras på jorda.
26 #
42,17
Du går i grav i mogen alder
slik kornband blir samla i rett tid.
27Ja, dette har vi granska, og slik er det.
Høyr det og ta det til deg!
Currently Selected:
Job 5: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.