2. Mosebok 32
32
Gullkalven
1 #
Apg 7,39ff # 32,1 ein gud kan òg omsetjast med «gudar». Då folket såg at Moses drygde med å koma ned frå fjellet, flokka dei seg om Aron og sa til han: «Kom og lag ein gud til oss som kan gå føre oss! For vi veit ikkje kva som har hendt med denne Moses, mannen som førte oss opp frå Egypt.» 2Aron sa til dei: «Ta gullringane av øyra på konene, sønene og døtrene dykkar og kom med dei til meg!» 3Då tok heile folket av seg gullringane som dei hadde i øyra, og kom til Aron med dei. 4#1 Kong 12,28; Sal 106,19ff#32,4 ein kalv Ein ung okse var eit bilete på guddomleg kraft. Jf. 1 Kong 12,28.Han tok imot gullet, forma det med meisel og støypte ein kalv. Så ropa dei: «Dette er guden din, Israel, han som førte deg opp frå Egypt!» 5Då Aron såg det, bygde han eit altar framfor kalven og ropa ut: «I morgon er det fest for Herren!» 6#1 Kor 10,7Dagen etter stod folket tidleg opp og ofra brennoffer og bar fram fredsoffer. Dei sette seg ned for å eta og drikka, og så byrja dei å mora seg.
7 #
5 Mos 9,12ff Då sa Herren til Moses: «Skund deg ned, for folket ditt, som du førte opp frå Egypt, har gjort noko forferdeleg. 8Dei har alt bøygd av frå den vegen eg påla dei å følgja. Dei har laga seg ein støypt kalv, kasta seg ned for han, ofra til han og sagt: Dette er guden din, Israel, som førte deg opp frå Egypt!» 9#2 Mos 33,3; Jes 48,4; Apg 7,51Og Herren heldt fram: «Eg har halde auge med dette folket, og sjå, det er eit stivnakka folk! 10#4 Mos 14,12ffBland deg no ikkje inn, for vreiden min skal flamma opp mot dei og fortæra dei. Men deg vil eg gjera til eit stort folk.» 11#13,3.14; 34,8fDå bad Moses om velvilje for Herren sin Guds andlet. Han sa: «Herre, kvifor skal vreiden din flamma opp mot folket ditt, som du har ført ut frå Egypt med stor kraft og sterk hand? 12Kvifor skal egyptarane få seia: Det var med vond vilje han førte dei ut, for å drepa dei i fjella og utrydda dei frå jorda. Vend om frå din brennande vreide, og lat vera å gjera vondt mot folket ditt! 13#1 Mos 12,2+Kom i hug tenarane dine Abraham, Isak og Israel og det du sa til dei då du svor ved deg sjølv: Eg vil gjera dykk til ei ætt så talrik som stjernene på himmelen, og heile dette landet som eg har tala om, vil eg gje ætta dykkar; dei skal eiga det til evig tid.» 14Då angra Herren på det vonde han hadde sagt han ville gjera mot folket sitt.
15Så gjekk Moses tilbake, ned frå fjellet, med vitnemålet, dei to tavlene, i handa. Det var skrive på begge sider av tavlene, både på framsida og på baksida. 16#31,18+Tavlene var Guds eige verk, og skrifta var Guds eiga skrift, rissa inn på tavlene. 17Då Josva høyrde korleis folket ropa og skreik, sa han til Moses: «Det er krigslarm i leiren.» 18#32,18 sigerssong, klagesong Hebr. har «styrke» og «veikskap».Moses svara:
«Dette er ikkje lyden av sigerssong
og ikkje lyden av klagesong;
det er lyden av ein annan slags song eg høyrer.»
19Då Moses nærma seg leiren og fekk sjå gullkalven og dansen, flamma sinnet slik opp i han at han kasta tavlene frå seg og knuste dei mot fjellet. 20Så tok han kalven som dei hadde laga, kasta han på elden og mol han til støv. Støvet strødde han på vatnet, og han lét israelittane drikka det.
21Så sa han til Aron: «Kva har dette folket gjort deg, sidan du har ført så stor ei synd over det?» 22«Ver ikkje sint, herre!» svara Aron. «Du veit sjølv kor vondt dette folket er. 23Dei sa til meg: Lag ein gud som kan gå framfor oss! For vi veit ikkje kva som har hendt med denne Moses, mannen som førte oss opp frå Egypt. 24Då sa eg til dei: Den som har noko av gull på seg, skal ta det av! Så gav dei meg gullet, og eg kasta det på elden. Slik vart denne kalven til.» 25Moses såg kor ustyrleg folket var fordi Aron ikkje klarte å styra dei. Dei hadde vorte til spott for motstandarane sine. 26Då stilte Moses seg i porten til leiren og ropa: «Kom over til meg, alle som er på Herrens side!» Då samla alle levittane seg om han. 27#5 Mos 33,9Og han sa til dei: «Så seier Herren, Israels Gud: Spenn sverdet på dykk, kvar og ein! Gå att og fram i leiren, frå port til port, og slå i hel brør, vener og slektningar!» 28Levittane gjorde som Moses sa, og den dagen fall det omkring tre tusen mann av folket. 29Då sa Moses: «I dag har de vorte vigde til Herren, for de har vendt dykk mot dykkar eigne søner og brør. Difor vil han gje dykk si velsigning i dag.»
30Dagen etter sa Moses til folket: «De har gjort ei stor synd. Men no vil eg gå opp til Herren, kanskje kan eg skaffa soning for synda dykkar.» 31Så gjekk Moses tilbake til Herren og sa: «Dette folket har gjort ei stor synd! Dei har laga seg ein gud av gull. 32#Sal 69,29; Rom 9,3Tilgjev no syndene deira! Kan du ikkje, så stryk meg ut av boka du skriv i!» 33Då svara Herren: «Den som syndar mot meg, stryk eg ut av boka mi. 34Gå no og før folket dit eg har sagt deg! Sjå, engelen min skal gå føre deg. Men på rekneskapsdagen skal eg gjera opp rekneskap med dei for syndene deira.» 35Slik straffa Herren folket fordi dei hadde fått laga gullkalven, den som Aron hadde laga.
Currently Selected:
2. Mosebok 32: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.