YouVersion Logo
Search Icon

Apostelgjerningane 13

13
Paulus på første misjonsreisa
(Kap. 13–14)
Paulus og Barnabas blir utsende
1 # 13,1 Antiokia >6,5. Niger er latin og tyder «svart». I Antiokia, i forsamlinga som fanst der, var det nokre profetar og lærarar. Der var Barnabas og Simeon, som dei kalla Niger, Lukius frå Kyréne, Manaen, fosterbror til landsfyrsten Herodes, og Saulus. 2#9,15+; 22,21+Ein gong medan dei feira gudsteneste for Herren og fasta, sa Den heilage ande: «Ta no ut Barnabas og Saulus for meg til den gjerning eg har kalla dei til.» 3#14,23Då heldt dei faste og bøn, la hendene på dei og lét dei fara.
På Kypros
4Dei som såleis var utsende av Den heilage ande, drog først ned til Selevkia, og derifrå segla dei til Kypros. 5#12,12+#13,5 Johannes før i Apg kalla Johannes Markus. Jf. 12,25.Då dei var komne til Salamis, forkynte dei Guds ord i dei jødiske synagogane. Dei hadde Johannes som medhjelpar. 6Dei reiste over heile øya og kom til Pafos. Der støytte dei på ein jødisk trollmann, ein falsk profet som heitte Barjesus. 7Han heldt til hos guvernøren Sergius Paulus, som var ein forstandig mann. Han bad Barnabas og Saulus til seg og ville høyra Guds ord. 8Men Elymas – trollmannen, som namnet hans tyder – stod dei imot og freista å få guvernøren bort frå trua. 9#13,9 Saulus det jødiske namnet til Paulus.Då vart Saulus, som òg heitte Paulus, fylt av Den heilage ande. Han såg trollmannen i auga 10#Hos 14,10; Joh 8,44; 1 Joh 3,8og sa: «Du djevelens son, full av allslags svik og vondskap og fiende av all rettferd! Skal du aldri halda opp med å gjera Herrens beine vegar krokete? 11Sjå, no legg Herren si hand på deg: Du skal vera blind ei tid og ikkje sjå sola.» I same stunda fall det skodde og mørker over han, og han famla rundt og leita etter nokon som kunne leia han. 12Då guvernøren såg det som hadde hendt, undra han seg storleg over Herrens lære og kom til tru.
Paulus talar i Antiokia ved Pisidia
13 # 13,5; 15,38 Så segla dei frå Pafos, Paulus og dei som var med han, og kom til Perge i Pamfylia. Der skilde Johannes lag med dei og drog tilbake til Jerusalem. 14Dei andre drog vidare frå Perge og kom til Antiokia ved Pisidia. På sabbatsdagen gjekk dei inn i synagogen og sette seg. 15#15,21#13,15 til oppmuntring Det gr. ordet kan romma både formaning og trøyst. Jf. 4,36; Hebr 13,22. =formaning.Etter at det var lese frå lova og profetane, sende synagogeforstandarane helsing ned til dei med desse orda: «Brør, har de eit ord som kan vera til oppmuntring for folket, så tal!» 16#13,16 som ottast Gud >10,2.Då reiste Paulus seg, gav teikn med handa og sa:
«Israelittar og de andre som ottast Gud, høyr på meg! 17#2 Mos 6,6ffHan som er Gud for Israelsfolket, valde ut fedrane våre. Han gjorde dei til eit stort folk då dei var innflyttarar i Egypt, og med lyft arm førte han dei ut derifrå. 18#5 Mos 1,31; 2,7#13,18 bar han over med dei Ein del tidlege handskrifter har «sørgde han for dei».I om lag førti år bar han over med dei i øydemarka. 19#5 Mos 7,1Han rydda ut sju folk i Kanaan og lét dei få landet deira til odel og eige. 20#Dom 2,16; 3,9Det gjekk om lag 450 år. Sidan gav han dei dommarar. Den siste av dei var profeten Samuel. 21#1 Sam 8–10Så bad dei om ein konge, og Gud gav dei Saul, son til Kisj, ein mann av Benjamin-stammen, og han var konge i førti år. 22#1 Sam 13,14; 16,12f; Sal 89,21Men Gud avsette han og reiste opp David til konge over dei. Han fekk dette vitnemålet av Gud: ‘Eg har funne David, son til Isai, ein mann etter mitt hjarte. Han skal gjera alt det eg vil.’ 23#2 Sam 7,12; Jes 11,1Av hans etterkomarar lét Gud ein frelsar for Israel stiga fram, så som han hadde lova. Det er Jesus. 24#Luk 3,3Før han kom, hadde Johannes forkynt omvendingsdåp for heile Israelsfolket. 25#Mark 1,7; Joh 1,20Og då Johannes fullførte livsløpet sitt, sa han: ‘Eg er ikkje den de held meg for å vera. Men etter meg kjem ein, og eg er ikkje verdig til å løysa sandalen av foten hans.’
26Brør, de som er av Abrahams ætt, og de andre som ottast Gud, det var til oss ordet om denne frelsa vart sendt. 27#Joh 16,3; Apg 3,17For dei kjende han ikkje, folket i Jerusalem og leiarane deira. Men dei dømde han, og med det oppfylte dei profetorda som blir lesne opp kvar sabbat. 28#Luk 23,18ffSjølv om dei ikkje fann noko som dei kunne dømma han til døden for, kravde dei at Pilatus skulle drepa han. 29#Luk 23,50ff; Gal 3,13+Og då dei hadde fullført alt det som er skrive om han, tok dei han ned frå treet og la han i ei grav. 30#2,24+Men Gud reiste han opp frå dei døde, 31#1,3.8+og i mange dagar synte han seg for dei som hadde gått saman med han frå Galilea og opp til Jerusalem, desse som no er hans vitne for folket. 32#13,23Og no kjem vi til dykk med den gode bodskapen, at den lovnaden som vart gjeven til fedrane våre, 33#Sal 2,7; Hebr 1,5; 5,5den har Gud oppfylt for oss, borna deira, då han reiste opp Jesus. Så står det òg skrive i den andre salmen:
Du er Son min,
eg har fødd deg i dag.
34 # Jes 55,3 Men at Gud reiste han opp frå dei døde så han aldri meir skal gå til grunne, det har han sagt med desse orda: Eg vil la dykk få lovnadene til David, dei som står fast. 35#Sal 16,10Og ein annan stad seier han: Du skal ikkje la din Heilage sjå forròtning. 36#2,29ff+David var i si levetid ein tenar for Guds plan. Så døydde han og vart sameina med fedrane sine, og han såg forròtning. 37Men han som Gud reiste opp, såg ikkje forròtning. 38#2,38+; Rom 8,3Så skal de då vita, brør, at ved han blir det forkynt dykk tilgjeving for syndene. Alt det som de ikkje kunne bli frikjende for ved Moselova, 39#Rom 1,16f; 10,4det blir kvar den som trur, frikjend for ved han. 40Ta dykk i vare så ikkje det som er sagt av profetane, skal koma over dykk:
41 # Hab 1,5 Sjå, de som er fulle av forakt,
de skal undra dykk og bli til inkjes.
For eit verk gjer eg i dykkar dagar,
eit verk som de ikkje ville tru
om det vart dykk fortalt.»
42Då dei gjekk ut, bad folk dei tala om dette neste sabbat òg. 43#11,23#13,43 proselyttar >2,11.Og då forsamlinga løyste seg opp, var det mange som følgde dei, både jødar og gudfryktige proselyttar. Og Paulus og Barnabas tala med dei og la dei på hjartet at dei måtte halda fast ved Guds nåde.
44Den neste sabbaten strøymde mest heile byen til og ville høyra Herrens ord. 45Men då jødane såg alt folket, vart dei brennande harme. Dei spotta og sa imot det Paulus forkynte. 46#Matt 21,43+; Apg 3,26; 18,6; 28,28; Rom 1,16Då svara Paulus og Barnabas med frimod: «Det var nødvendig at Guds ord først vart forkynt for dykk. Men sidan de viser det frå dykk og ikkje held dykk verdige til det evige livet, så vender vi oss til heidningane. 47#Jes 49,6For dette er Herrens bod til oss:
Eg har gjort deg til eit lys for folkeslag,
så du skal bera frelse til enden av verda.»
48 # 11,18; Rom 8,29f Då heidningane høyrde det, vart dei glade og prisa Herrens ord, og dei kom til tru, alle dei som var bestemte til evig liv. 49Og Herrens ord breidde seg ut over heile landet. 50#13,50 dei gudfryktige >10,2.Men jødane øste opp dei gudfryktige kvinnene av høg byrd og dei leiande mennene i byen, så dei fekk i gang ei forfølging av Paulus og Barnabas, og dei vart jaga bort frå området. 51#Matt 10,14; Apg 18,6#13,51 riste … av føtene symbolsk handling som gav uttrykk for at ein gjorde slutt på fellesskapet med nokon.Då riste dei støvet av føtene mot forfølgjarane og fór til Ikonium. 52Men læresveinane vart fylte av glede og av Den heilage ande.

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in