1. Timoteus 3
3
1 #
Tit 1,5ff Dette er eit truverdig ord.
Leiarane i forsamlinga
Om nokon gjerne vil ha ei tilsynsteneste, er det ei verdfull oppgåve han ønskjer seg. 2#3,2–12 Desse versa inneheld ein dygdekatalog. =katalogar.#2 Tim 2,24Difor må ein tilsynsmann ikkje kunna skuldast for noko. Han må vera mann til éi kvinne, edrueleg, forstandig, høfleg, gjestfri, god til å undervisa, 3ikkje drikkfeldig eller hardhendt, men mild, ikkje stridslysten eller glad i pengar. 4Han skal styra sitt eige hus godt, så borna hans alltid viser lydnad og respekt. 5For greier han ikkje styra sitt eige hus, korleis kan han då ha omsorg for Guds forsamling? 6Han må ikkje vera nyomvend, for då kunne han bli hovmodig og falla under same dommen som djevelen. 7#2 Kor 8,21Han må òg ha godt ord på seg mellom dei som står utanfor, så han ikkje blir spotta og går i djevelens snare.
8 #
Rom 12,7; Fil 1,1 På same måten skal diakonane vera respekterte, ikkje tala med to tunger, ikkje drikka for mykje vin og ikkje vera ute etter skammeleg vinning. 9#1,19Dei skal eiga mysteriet i trua i eit reint samvit. 10Men dei òg skal prøvast først, og dersom det ikkje er noko å seia på dei, kan dei setjast til tenesta. 11#Tit 2,3På same måten skal kvinnene vera ærbare, ikkje fara med sladder, men vera edruelege og pålitelege i alt. 12Ein diakon skal vera mann til éi kvinne, og han skal styra både born og hus på ein god måte. 13For dei som gjer tenesta si på ein god måte, vinn seg ei akta stilling og får stort frimod i trua på Kristus Jesus.
14Dette skriv eg til deg endå eg håpar å koma til deg om ikkje så lenge. 15#Ef 2,19ffMen skulle det dryga, vil eg du skal vita korleis ein skal ferdast i Guds hus, som er den levande Guds forsamling, søyle og grunnvoll for sanninga.
16 #
Mark 16,19; Luk 24,46; Joh 1,14 Og samstemt vedkjenner vi at mysteriet i vår gudstru er stort.
Han vart openberra i kjøt og blod,
rettferdiggjord i Anden,
sedd av englar,
forkynt mellom folkeslag,
trudd i verda,
oppteken i herlegdom.
Currently Selected:
1. Timoteus 3: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.