YouVersion Logo
Search Icon

1. Samuelsbok 21

21
David i Nob
1 # 21,1 Nob ein stad aust for Jerusalem, ved Oljeberget. Der hadde prestane av Eli-ætta ein heilagdom etter at tempelet i Sjilo var øydelagt. Jf. Jes 10,32. David drog no til presten Ahimelek i Nob. Då kom Ahimelek han skjelvande til møtes og spurde: «Kvifor er du åleine og har ingen med deg?» 2David svara han: «Kongen har gjeve meg eit oppdrag. Og han sa til meg: Ingen må få vita noko om oppdraget eg har sendt deg på. Difor har eg sagt at mennene mine skal møta på fastsett stad. 3Har du noko mat for handa? Lat meg få fem brød eller det som måtte finnast her.» 4#3 Mos 24,5ffPresten sa til David: «Vanleg brød har eg ikkje, men heilagt brød kan du få – berre mennene dine har halde seg frå kvinner.» 5«Ver trygg», svara David. «Vi har vore avskorne frå samkvem med kvinner i fleire dagar. Kvar gong eg dreg ut, har krigsutstyret til mennene vorte helga, sjølv når vi er på ei vanleg ferd. Kor mykje meir må det ikkje då vera helga i dag?» 6#Matt 12,3fSå gav presten han heilagt brød. For det fanst ikkje anna brød enn skodebrøda, som var tekne bort frå staden framfor Herrens andlet. Dei vart bytte ut med ferske brød same dagen.
7 # 22,9; Sal 52,2 # 21,7 halden tilbake … for Herrens andlet Mannen måtte bli verande i tempelet, kan henda fordi han var kultisk urein. Den dagen vart ein av mennene til Saul halden tilbake der, for Herrens andlet. Mannen heitte Doeg og var frå Edom. Han var den fremste blant gjetarane til Saul.
8David sa til Ahimelek: «Har du ikkje eit spyd eller eit sverd her? Eg fekk korkje sverdet eller dei andre våpna med meg, for det hadde slik hast med kongens ærend.» 9Presten svara: «Jau, sverdet til filistaren Goliat, som du slo i hel i Ela-dalen, heng bak efod-drakta, sveipt i ei kappe. Vil du ha det, så ta det. Det er ikkje noko anna sverd her.» «Det finst ikkje maken til det», sa David. «Lat meg få det!»
David hos kong Akisj i Gat
10 # Sal 56,1 Same dagen tok David ut og rømde for Saul. Han kom til Akisj, kongen i Gat. 11#18,7Mennene til Akisj sa til han: «Er ikkje dette David, kongen i landet? Var det ikkje om han dei dansande kvinnene song:
Saul slo i tusental,
men David slo i titusental?»
12David merka seg vel det dei sa, og han var svært redd Akisj, kongen i Gat. 13#Sal 34,1Han lét som han var frå vitet og skapte seg galen når dei kom nær han. Han rissa merke på dørkarmane og sikla i skjegget. 14Då sa Akisj til mennene sine: «De ser då at mannen er frå vitet. Kvifor kjem de til meg med han? 15Har eg ikkje nok av galningar sidan de kjem hit med han der, så eg skal plagast med galskapen hans? Skulle slik ein få koma i mitt hus?»

Currently Selected:

1. Samuelsbok 21: NO2011NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in