Då Kristus vart fødd, gjekk det soleis til: Medan mor hans, Maria, var trulova med Josef; og fyrr dei kom i hop, synte det seg at ho var med barn av den Heilage Ande. Josef, festarmannen hennar, var ein rett-tenkt mann og vilde ikkje føra skam yver henne; han sette seg fyre å skiljast med henne so stilt han kunde.