1
Jesaja 40:29
Norsk oversettelse 1938 nynorsk
Han gjev den trøytte kraft, og den maktlause gjev han stor styrke.
Compare
Explore Jesaja 40:29
2
Jesaja 40:30-31
Gutar vert trøytte og mode, og unge karar lyt snåva. Men dei som ventar på Herren, fær ny kraft; lyfter vengene som ørnar; dei spring og trøytnar ikkje, dei gjeng og mødest ikkje.
Explore Jesaja 40:30-31
3
Jesaja 40:28
Veit du det ikkje, eller hev du ikkje høyrt det? Herren er ein æveleg Gud, han hev skapt den vide verdi; han vert ikkje trøytt, han vert ikkje mod; hans vit kann ingen grunda ut.
Explore Jesaja 40:28
4
Jesaja 40:3
Høyr! Det er ein som ropar: Bryt i heidi veg for Herren! Jamna til i øydemarki gata for vår Gud!
Explore Jesaja 40:3
5
Jesaja 40:8
Graset turkar burt, blomen visnar, men ordet frå vår Gud stend æveleg ved lag.
Explore Jesaja 40:8
6
Jesaja 40:5
Herrens herlegdom skal te seg, og alt kjøt skal få sjå det, for Herrens munn hev tala.
Explore Jesaja 40:5
7
Jesaja 40:4
Kvar ein dal skal hevjast, kvart fjell og kvar haug skal ægjast, bakkut land skal verta slett, og hamrane verta til flatland.
Explore Jesaja 40:4
8
Jesaja 40:11
Som ein hyrding skal han gjæta sin buskap; han skal sanka lambi i armen og bera dei ved barmen, og lambsauene skal han leida.
Explore Jesaja 40:11
9
Jesaja 40:26
Lyft dykkar augo mot høgdi og sjå: Kven hev skapt alle desse? Det er han som fører heren deira ut i fastsett tal, som nemner dei alle på namn; so stor er hans kraft, so veldig hans styrke at det vantar ikkje ein.
Explore Jesaja 40:26
10
Jesaja 40:22
Det er då han som sit høgt yver jordkringen, og dei som der bur, er som grashoppar; det var han som breidde ut himmelen som ein florduk og spana han ut som eit tjeld til å bu i
Explore Jesaja 40:22
11
Jesaja 40:2
Tala mildt til Jerusalem og ropa til henne at striden hennar er enda, at skuldi hennar er kvitta, at ho hev fenge av Herrens hand tvifelt for alle sine synder.
Explore Jesaja 40:2
12
Jesaja 40:6-7
Høyr! Det er ein som segjer: Ropa! Og ein annan svarar: Kva skal eg ropa? - Alt kjøt er gras, og all dess herlegdom som blom på marki. Graset turkar burt, blomen visnar når Herrens ande blæs på det; ja, i sanning, folk er gras.
Explore Jesaja 40:6-7
13
Jesaja 40:10
Sjå, Herren, Israels Gud, kjem med velde, og hans arm råder; si løn fører han med seg, og hans vederlag gjeng fyre han.
Explore Jesaja 40:10
14
Jesaja 40:1
Trøysta, trøysta mitt folk, segjer dykkar Gud.
Explore Jesaja 40:1
15
Jesaja 40:12-14
Kven hev mælt vatnet i sin love og spanna yver himmelen og samla jordmoldi i skjeppa og vege fjell på vekt og haugane i vektskåler? Kven hev mælt Herrens Ande, og kven gjev han råd og lærdom? Kven samrådde han seg med, so han gav han skyn og lærde han rette vegen og gav han kunnskap og viste han vegen til visdom?
Explore Jesaja 40:12-14
Home
Bible
Plans
Videos