Og Herren kjende den gode angen, og Herren sa i sitt hjarta; Eg vil aldri meir forbanna jordi for menneskja skuld; for mannehjarta emnar berre på vondt alt ifrå ungdomen. Og aldri meir drepa alt liv, so som eg no gjorde. Heretter skal sånad og skurd, og kulde og hete, sumar og vinter, og dag og natt aldri trjota, so lenge som jordi stend.