1
1. Mosebok 32:28
Norsk oversettelse 1938 nynorsk
Då sa mannen: Du skal ikkje lenger heita Jakob, men Israel. For du hev stridt med Gud og med menneske og vunne.
Compare
Explore 1. Mosebok 32:28
2
1. Mosebok 32:26
Og han sa: Slepp meg, for no er det dagen! Men Jakob sa: Eg slepper deg ikkje, utan du velsignar meg.
Explore 1. Mosebok 32:26
3
1. Mosebok 32:24
So var Jakob att åleine. Då kom det ein mann og drogst med han radt til i dagingi.
Explore 1. Mosebok 32:24
4
1. Mosebok 32:30
Og Jakob kalla den staden Pniel; for eg hev set Gud andlet mot andlet, sa han og endå berga livet.
Explore 1. Mosebok 32:30
5
1. Mosebok 32:25
Og då mannen såg at han ikkje kunde råda med han, tok han burtpå mjødmeskåli hans, og mjødmi gjekk or led på Jakob, medan dei drogst.
Explore 1. Mosebok 32:25
6
1. Mosebok 32:27
Då spurde mannen: Kva heiter du? Han svara: Jakob.
Explore 1. Mosebok 32:27
7
1. Mosebok 32:29
Og Jakob spurde han og sa: Kjære deg, seg meg namnet ditt! Men han svara: Kvi spør du etter namnet mitt? Og han velsigna han der.
Explore 1. Mosebok 32:29
8
1. Mosebok 32:10
eg er ikkje verd all den miskunn og all den truskap du hev vist imot tenaren din; for med stav i hand gjekk eg yver denne Jordanelvi, og er eg vorten til tvo læger.
Explore 1. Mosebok 32:10
9
1. Mosebok 32:32
Difor er det so den dag i dag at Israels-borni aldri et den store seni som er på mjødmeskåli, av di han tok burtpå mjødmeskåli hans Jakob på den store seni der er.
Explore 1. Mosebok 32:32
10
1. Mosebok 32:9
Og Jakob sa: Du Gud åt Abraham, godfar min, du Gud åt Isak, far min, du Herre, som sa til meg: Far attende til landet ditt og folket ditt, og eg skal gjera vel imot deg
Explore 1. Mosebok 32:9
11
1. Mosebok 32:11
Å, berga meg for Esau, bror min; for eg er so redd han; eg ottast han kann koma og slå i hel meg og mine, både mor og born.
Explore 1. Mosebok 32:11
Home
Bible
Plans
Videos