Difor overgav Gud dei til skamlege lyster. Kvinnene bytte om eit naturleg kjønnsliv med eit unaturleg. På same måten heldt mennene opp å ha naturleg samliv med kvinner og tok til å brenna av trå etter kvarandre. Menn dreiv utukt med menn, og dei laut sjølve bera den straffa som måtte koma fordi dei hadde fare vilt.
Dei brydde seg ikkje om å ha kunnskap om Gud, difor gav Gud dei over til ei sviktande dømekraft, så dei gjer slikt som ikkje sømer seg.