Ein tredje engel fylgde etter dei og ropa med høg røyst: «Om nokon tilbed dyret og biletet av det og tek imot merket på panna eller handa, skal han drikka av Guds vreidevin, som er skjenkt ublanda i hans harmes skål; og han skal pinast med eld og svovel for augo på dei heilage englane og Lammet. Røyken frå pinsla deira stig opp i all æve, og dei har ikkje ro natt eller dag, dei som tilbed dyret og biletet av det, og alle som tek namnet åt dyret til merke.»