Då kalla han læresveinane til seg og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre som la pengar i tempelkista. For dei gav alle av si overflod, men ho gav av si fattige råd, alt det ho åtte, alt det ho skulle leva av.»