1
Lukas 6:38
Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk
Gjev, så skal de få: Eit godt, stappa, rist og overfylt mål skal de få i fanget. For med det målet de sjølve mæler med, skal det mælast opp til dykk.
Compare
Explore Lukas 6:38
2
Lukas 6:45
Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer i hjarta, og eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på. For det hjarta er fullt av, det talar munnen.
Explore Lukas 6:45
3
Lukas 6:35
Nei, elska fiendane dykkar, gjer vel og lån bort utan å venta noko att. Då skal løna dykkar vera stor, og de skal vera born åt Den Høgste. For han er god mot dei utakksame og vonde.
Explore Lukas 6:35
4
Lukas 6:36
Ver miskunnsame, som Far dykkar er miskunnsam.
Explore Lukas 6:36
5
Lukas 6:37
Døm ikkje, så skal de ikkje dømast. Fordøm ikkje, så skal de ikkje fordømast. Ettergjev, så skal de få ettergjeving.
Explore Lukas 6:37
6
Lukas 6:27-28
Men til dykk som høyrer på meg, seier eg: Elska fiendane dykkar, gjer vel mot dei som hatar dykk, velsigna dei som bannar dykk, og bed for dei som talar ille om dykk.
Explore Lukas 6:27-28
7
Lukas 6:31
Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei.
Explore Lukas 6:31
8
Lukas 6:29-30
Slår nokon dykk på det eine kinnet, så byd fram det andre òg. Tek nokon kappa frå deg, så nekta han ikkje skjorta heller. Gjev kvar den som bed deg; og tek nokon frå deg det som ditt er, skal du ikkje krevja det att.
Explore Lukas 6:29-30
9
Lukas 6:43
Det finst ikkje noko godt tre som ber ring frukt, heller ikkje noko ringt tre som ber god frukt.
Explore Lukas 6:43
10
Lukas 6:44
Treet kjenner ein på frukta. Ein plukkar ikkje fiken av tistlar og haustar ikkje druer av klunger.
Explore Lukas 6:44
Home
Bible
Plans
Videos