Vil ein av dykk byggja eit tårn, set han seg ikkje då fyrst ned og reknar etter kva det vil kosta, om han har nok til å fullføra det? For har han lagt grunnmuren, og ikkje er god til å gjera tårnet ferdig, då vil alle som ser det, gjera narr av han og seia: «Denne mannen gjekk i gang med å byggja, men greidde ikkje å fullføra det.»