1
Johannes 14:27
Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk
Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjarta dykkar uroast, og ver ikkje motlause!
Compare
Explore Johannes 14:27
2
Johannes 14:6
Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.
Explore Johannes 14:6
3
Johannes 14:1
Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg!
Explore Johannes 14:1
4
Johannes 14:26
Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Explore Johannes 14:26
5
Johannes 14:21
Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
Explore Johannes 14:21
6
Johannes 14:16-17
Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk.
Explore Johannes 14:16-17
7
Johannes 14:13-14
Det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord gjennom Sonen. Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.
Explore Johannes 14:13-14
8
Johannes 14:15
Elskar de meg, så held de boda mine.
Explore Johannes 14:15
9
Johannes 14:2
I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk.
Explore Johannes 14:2
10
Johannes 14:3
Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er.
Explore Johannes 14:3
11
Johannes 14:5
Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?»
Explore Johannes 14:5
Home
Bible
Plans
Videos