1
1. Mosebok 9:12-13
Bibelen 1978/85 nynorsk
Og Gud sa: «Dette er teiknet ¬på pakta eg skipar mellom meg og dykk og kvar levande skapning ¬som hjå dykk er, for ætter som kjem i alle tider: Eg set bogen min i skyene; han skal vera eit teikn på pakta mellom meg og jorda.
Compare
Explore 1. Mosebok 9:12-13
2
1. Mosebok 9:16
Bogen skal koma i skyene; eg skal sjå han og minnast den pakta som alltid skal vera mellom Gud ¬og kvar levande skapning som rører seg på jorda.»
Explore 1. Mosebok 9:16
3
1. Mosebok 9:6
Den som tek menneskeblod, hans blod skal menneske ta; for i sitt bilete ¬skapte Gud mennesket
Explore 1. Mosebok 9:6
4
1. Mosebok 9:1
Gud velsigna Noah og sønene hans og sa til dei: «De skal veksa og aukast og fylla jorda.
Explore 1. Mosebok 9:1
5
1. Mosebok 9:3
Alt som lever og rører seg, skal vera til føde for dykk. Liksom eg gav dykk dei grøne plantene, gjev eg dykk no alt dette.
Explore 1. Mosebok 9:3
6
1. Mosebok 9:2
Otte og age skal dei kjenna for dykk, alle dyra på jorda, alle fuglane under himmelen, alt som rører seg på marka, og alle fiskane i havet; de skal ha rådvelde over dei.
Explore 1. Mosebok 9:2
7
1. Mosebok 9:7
Men de skal veksa og aukast, myldra på jorda ¬og verta mange der.»
Explore 1. Mosebok 9:7
Home
Bible
Plans
Videos