1
1. Mosebok 37:5
Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet
Ein gong hadde Josef ein draum, som han fortalde brørne sine, og då vart dei endå meir hatige på han.
Compare
Explore 1. Mosebok 37:5
2
1. Mosebok 37:3
Men Israel heldt meir av Josef enn av alle dei andre sønene sine, fordi han hadde fått han på sine gamle dagar. Han laga ein sid kjortel med lange ermar til han.
Explore 1. Mosebok 37:3
3
1. Mosebok 37:4
Og då brørne såg at far deira heldt meir av han enn av alle dei andre sønene sine, vart dei hatige på han og kunne ikkje seia eit venleg ord til han.
Explore 1. Mosebok 37:4
4
1. Mosebok 37:9
Sidan hadde han ein annan draum, som han fortalde brørne sine. «Veit de kva eg no har drøymt?» sa han. «Sola og månen og elleve stjerner bøygde seg for meg.»
Explore 1. Mosebok 37:9
5
1. Mosebok 37:11
Brørne var avundsjuke på han, men faren la seg dette på minne.
Explore 1. Mosebok 37:11
6
1. Mosebok 37:6-7
Han sa til dei: «No skal de høyra kva eg har drøymt! Eg tykte vi var ute på åkeren og skar. Best det var, reiste mitt kornband seg opp og stod, medan dykkar kornband stod rundt ikring og bøygde seg for mitt.»
Explore 1. Mosebok 37:6-7
7
1. Mosebok 37:20
No tek vi og slår han i hel! Så kastar vi han ned i ein av brunnane her og seier at eit udyr har ete han opp. Då skal vi sjå kva det vert av draumane hans.»
Explore 1. Mosebok 37:20
8
1. Mosebok 37:28
Nokre kjøpmenn frå Midjan kom framom, og dei drog Josef opp or brunnen. Så selde dei han til ismaelittane for tjue sekel sølv; og dei tok han med seg til Egypt.
Explore 1. Mosebok 37:28
9
1. Mosebok 37:19
Dei sa seg imellom: «Sjå, der kjem denne stordrøymaren!
Explore 1. Mosebok 37:19
10
1. Mosebok 37:18
Dei såg han langt borte; og før han kom fram til dei, sette dei seg føre å drepa han.
Explore 1. Mosebok 37:18
11
1. Mosebok 37:22
Og Ruben heldt fram: «Lat det ikkje renna blod! Kasta han ned i denne brunnen her i øydemarka, men legg ikkje hand på han!» Dette sa han fordi han ville berga han ut or hendene deira og få han heim att til far hans.
Explore 1. Mosebok 37:22
Home
Bible
Plans
Videos