1
Forkynnaren 2:26
Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet
Ja, Gud gjev visdom og kunnskap og glede til dei menneske han synest om. Men syndarar gjev han strevet med å samla og sanka, og sidan må dei gje det alt til dei som Gud synest om. Det òg er fåfengd og jag etter vind.
Compare
Explore Forkynnaren 2:26
2
Forkynnaren 2:24-25
Det beste eit menneske kan gjera, er å eta og drikka og unna seg gode dagar midt i alt sitt strev. Men eg fekk sjå at det òg kjem frå Guds hand. For kven kan utan han eta og vera glad?
Explore Forkynnaren 2:24-25
3
Forkynnaren 2:11
Men så gav eg meg til å tenkja over alt det eg hadde gjort med mine hender, det eg hadde streva og slite med. Sjå, alt var fåfengd og jag etter vind. Det er ingenting å vinna under sola.
Explore Forkynnaren 2:11
4
Forkynnaren 2:10
Alt det augo ynskte, lét eg dei få; eg nekta meg inga glede. Hjarta gledde seg over alt mitt strev, og det var løna for all mi møde.
Explore Forkynnaren 2:10
5
Forkynnaren 2:13
Eg såg at visdom er betre enn dårskap, liksom ljoset er betre enn mørkret.
Explore Forkynnaren 2:13
6
Forkynnaren 2:14
Den vise har augo i hausen, medan dåren ferdast i mørker. Men eg skjøna òg at same lagnaden møter dei begge.
Explore Forkynnaren 2:14
7
Forkynnaren 2:21
For det hender at eit menneske strevar med visdom, kunnskap og dugleik og må gje det i arv til ein annan som ikkje har hatt noko bry med det. Det òg er fåfengd, ei stor ulukke.
Explore Forkynnaren 2:21
Home
Bible
Plans
Videos