1
Forkynnaren 11:9
Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet
Gled deg, ungdom, medan du er ung, ver glad og nøgd i livsens vår! Gå på dei vegar som hjarta vil, fylg det som lokkar ditt auga! Men vit at Gud skal krevja deg til rekneskap for alt det du har gjort.
Compare
Explore Forkynnaren 11:9
2
Forkynnaren 11:10
Få sutene ut or din hug, og hald det vonde frå livet! For ungdomstida, livsens vår, kverv som ein pust.
Explore Forkynnaren 11:10
3
Forkynnaren 11:4
Den som aktar på vinden, får ikkje så, den som kikkar på skyene, får ikkje hausta.
Explore Forkynnaren 11:4
4
Forkynnaren 11:5
Likså lite som du veit kva veg vinden blæs, eller korleis beina vert til hjå fosteret i mors liv, likså lite kan du vita korleis Gud som skaper alt, gjer sitt verk.
Explore Forkynnaren 11:5
5
Forkynnaren 11:6
Så ditt sæde om morgonen, og lat ikkje handa kvila om kvelden. Du veit då ikkje kva som vil lukkast, anten det eine eller det andre, eller om alt er like godt.
Explore Forkynnaren 11:6
6
Forkynnaren 11:2
Del det du har med sju eller åtte; for du veit ikkje kva for ulukker som kan henda på jorda.
Explore Forkynnaren 11:2
Home
Bible
Plans
Videos