1
Romarane 5:8
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Men Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.
Compare
Explore Romarane 5:8
2
Romarane 5:5
Og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande som han har gjeve oss.
Explore Romarane 5:5
3
Romarane 5:3-4
Ja, ikkje berre det, vi er òg stolte over lidingane. For vi veit at lidinga gjer oss uthaldande, og den som held ut, får eit prøvd sinn, og den som er prøvd, får håp.
Explore Romarane 5:3-4
4
Romarane 5:1-2
Når vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgang til den nåden vi står i, og vi er stolte over håpet om Guds herlegdom.
Explore Romarane 5:1-2
5
Romarane 5:6
Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus for ugudelege då tida var inne.
Explore Romarane 5:6
6
Romarane 5:9
Når vi no har vorte rettferdiggjorde ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han bli frelste frå vreiden!
Explore Romarane 5:9
7
Romarane 5:19
Slik dei mange vart syndarar fordi det eine mennesket var ulydig, skal no dei mange stå rettferdige fordi den eine var lydig.
Explore Romarane 5:19
8
Romarane 5:11
Ja, ikkje berre det, men vi er glade og stolte i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.
Explore Romarane 5:11
Home
Bible
Plans
Videos