Han har Gud stilt synleg fram, så han med sitt blod skulle vera soningsstaden for dei som trur. Slik viste Gud si rettferd. For han hadde før, i sitt tolmod, halde tilbake straffa for dei syndene som var gjorde. Men i vår tid ville han visa si rettferd, både at han sjølv er rettferdig, og at han seier rettferdig den som trur på Jesus.