1
Johannes' openberring 6:8
Bibelen 2011 nynorsk
Og eg såg, og sjå! – ein gulbleik hest. Han som sat på hesten, bar namnet Døden, og dødsriket følgde med han. Dei fekk makt over fjerdedelen av jorda, så dei kunne drepa med sverd, hungersnaud og pest og ved villdyra på jorda.
Compare
Explore Johannes' openberring 6:8
2
Johannes' openberring 6:2
Og eg såg, og sjå! – ein kvit hest. Og han som sat på hesten, hadde ein boge. Det vart gjeve han ein sigerskrans, og med siger drog han ut for å sigra.
Explore Johannes' openberring 6:2
3
Johannes' openberring 6:9
Då Lammet braut det femte seglet, såg eg under altaret sjelene til dei som var slakta ned for Guds ord skuld og for det vitnemålet dei hadde gjeve.
Explore Johannes' openberring 6:9
4
Johannes' openberring 6:10-11
Dei ropa med høg røyst: «Herre, du heilage og truverdige, kor lenge vil du venta før du held dom og lèt straffa for blodet vårt koma over dei som bur på jorda?» Då fekk kvar av dei ei kvit kappe, og det vart sagt dei at dei skulle halda seg i ro endå ei lita stund, til talet var fullt på dei medtenarane og syskena som skulle bli drepne slik som dei sjølve.
Explore Johannes' openberring 6:10-11
5
Johannes' openberring 6:4
Og det kom fram ein annan hest, raud som eld. Han som sat på hesten, fekk makt til å ta freden bort frå jorda, så folk skulle slakta kvarandre ned. Og det vart gjeve han eit stort sverd.
Explore Johannes' openberring 6:4
6
Johannes' openberring 6:17
For den store vreidedagen er komen, og kven kan då bli ståande?»
Explore Johannes' openberring 6:17
7
Johannes' openberring 6:12-13
Og eg såg Lammet bryta det sjette seglet. Då kom det eit stort jordskjelv. Sola vart svart som ei sørgjedrakt, fullmånen vart som blod, og stjernene på himmelen fall ned på jorda slik umogne frukter drys frå eit fikentre i storm.
Explore Johannes' openberring 6:12-13
8
Johannes' openberring 6:5-6
Då Lammet braut det tredje seglet, høyrde eg den tredje skapningen ropa: «Kom!» Og eg såg, og sjå! – ein svart hest. Og han som sat på hesten, hadde ei skålvekt i handa. Og eg høyrde liksom ei røyst inne mellom dei fire skapningane: «Ein liter kveite for ei dagløn! Tre liter bygg for ei dagløn! Men oljen og vinen må du ikkje skada.»
Explore Johannes' openberring 6:5-6
9
Johannes' openberring 6:14-15
Himmelen rivna og rulla seg saman som ein bokrull, og kvart fjell og kvar øy vart flytt frå sin stad. Kongane på jorda, stormenn og hærførarar, dei rike og dei mektige, kvar slave og kvar fri, alle gøymde dei seg i hòler og mellom berghamrar.
Explore Johannes' openberring 6:14-15
Home
Bible
Plans
Videos