1
Nehemja 7:1-2
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Då muren var bygd og eg hadde sett inn dørene, vart portvaktene, songarane og levittane utnemnde. Til å styra over Jerusalem sette eg Hanani, bror min, og Hananja, leiaren for borga. For han var ein påliteleg mann og meir gudfryktig enn dei fleste.
Compare
Explore Nehemja 7:1-2
2
Nehemja 7:3
Eg sa til dei: «Portane i Jerusalem skal ikkje opnast før sola byrjar å verma, og medan dei enno står vakt, skal dørene stengjast og låsast. Set dei som bur i Jerusalem, til å halda vakt, somme på dei ulike postane og somme utanfor sine eigne hus.»
Explore Nehemja 7:3
Home
Bible
Plans
Videos