Men no sa eg til dei: «De ser kor ille vi har det her. Jerusalem ligg i ruinar, og portane er brende. Kom, lat oss byggja opp att muren kring Jerusalem, så vi ikkje lenger må leva i vanære.» Eg fortalde dei òg korleis Gud heldt si gode hand over meg, og kva kongen hadde sagt til meg. Då sa dei: «Lat oss gå i gang med å byggja!» Og dei tok fatt på det gode verket.