1
Markus 1:35
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Morgonen etter, medan det endå var mørkt, stod Jesus opp, gjekk ut og drog til ein aud stad. Der bad han.
Compare
Explore Markus 1:35
2
Markus 1:15
og sa: «Tida er inne, og Guds rike er kome nær. Vend om og tru på evangeliet!»
Explore Markus 1:15
3
Markus 1:10-11
Straks han steig opp av vatnet, såg han himmelen dela seg, og han såg Anden dala ned over seg som ei due. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.»
Explore Markus 1:10-11
4
Markus 1:8
Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»
Explore Markus 1:8
5
Markus 1:17-18
Jesus sa til dei: «Kom og følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!» Då gjekk dei beint frå garna sine og følgde han.
Explore Markus 1:17-18
6
Markus 1:22
Alle var fulle av undring over læra hans, for han lærte dei med myndig tale og ikkje som dei skriftlærde.
Explore Markus 1:22
Home
Bible
Plans
Videos