1
Matteus 27:46
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: « Elí, Elí, lemá sabaktáni? » Det tyder: « Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg? »
Compare
Explore Matteus 27:46
2
Matteus 27:51-52
Då rivna forhenget i tempelet i to, ovanfrå og heilt ned. Jorda skalv, og berga brast. Gravene opna seg, og kroppane til mange heilage som var avlidne, vart reiste opp frå dei døde.
Explore Matteus 27:51-52
3
Matteus 27:50
Men Jesus ropa på nytt med høg røyst og gav opp anden.
Explore Matteus 27:50
4
Matteus 27:54
Men då offiseren og dei som var med han og heldt vakt over Jesus, såg jordskjelvet og det som hende, vart dei gripne av stor redsle og sa: «Sanneleg, han var Guds Son!»
Explore Matteus 27:54
5
Matteus 27:45
Frå den sjette timen vart det mørkt over heile landet, og mørkret låg til den niande timen.
Explore Matteus 27:45
6
Matteus 27:22-23
«Kva skal eg då gjera med Jesus, han som blir kalla Messias?» spurde Pilatus. Då svara dei alle: «Krossfest han!» «Kva vondt har han så gjort?» spurde han. Men dei skreik berre endå høgare: «Krossfest han!»
Explore Matteus 27:22-23
Home
Bible
Plans
Videos