1
Matteus 23:11
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Den største av dykk skal vera tenaren dykkar.
Compare
Explore Matteus 23:11
2
Matteus 23:12
Den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.
Explore Matteus 23:12
3
Matteus 23:23
Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjev tiend av mynte og anis og karve, men bryr dykk ikkje om det som veg meir i lova: rettferd, miskunn og truskap. Det eine skulle gjerast og det andre ikkje vera ugjort.
Explore Matteus 23:23
4
Matteus 23:25
Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjer skåler og fat reine utanpå, men inni er dei fulle av grisk og grådig lyst.
Explore Matteus 23:25
5
Matteus 23:37
Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje.
Explore Matteus 23:37
6
Matteus 23:28
Slik er det med dykk òg: Utanpå, i andres auge, ser de rettferdige ut, men inni er de fulle av hykleri og urett.
Explore Matteus 23:28
Home
Bible
Plans
Videos