1
Matteus 14:30-31
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd. Han tok til å søkka, og ropa: «Herre, berg meg!» Med det same rette Jesus ut handa og greip han og sa: «Du lite truande – kvifor tvila du?»
Compare
Explore Matteus 14:30-31
2
Matteus 14:30
Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd. Han tok til å søkka, og ropa: «Herre, berg meg!»
Explore Matteus 14:30
3
Matteus 14:27
Men i det same tala Jesus til dei: «Ver ved godt mot! Det er eg, ver ikkje redde!»
Explore Matteus 14:27
4
Matteus 14:28-29
Då sa Peter til han: «Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet.» «Kom!» sa Jesus. Peter steig ut av båten og gjekk på vatnet bort til Jesus.
Explore Matteus 14:28-29
5
Matteus 14:33
Men dei som var i båten, tilbad han og sa: «Du er sanneleg Guds Son!»
Explore Matteus 14:33
6
Matteus 14:16-17
«Dei treng ikkje gå herifrå», sa Jesus, «de skal gje dei mat!» «Vi har ikkje meir enn fem brød og to fiskar», svara dei.
Explore Matteus 14:16-17
7
Matteus 14:18-19
Då sa Jesus: «Kom hit til meg med det!» Så baud han folket setja seg i graset. Og han tok dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Så braut han brøda og gav dei til læresveinane, og læresveinane gav dei til folket.
Explore Matteus 14:18-19
8
Matteus 14:20
Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei stykka som var til overs, tolv fulle korger.
Explore Matteus 14:20
Home
Bible
Plans
Videos