Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, viste det seg at ho var med barn ved Den heilage ande. Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille.