1
Lukas 9:23
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Så sa han til dei alle: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og følgja meg.
Compare
Explore Lukas 9:23
2
Lukas 9:24
For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal berga det.
Explore Lukas 9:24
3
Lukas 9:62
Men Jesus svara: «Ingen som har lagt handa på plogen og så ser seg tilbake, er skikka for Guds rike.»
Explore Lukas 9:62
4
Lukas 9:25
Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men mistar seg sjølv og går til grunne?
Explore Lukas 9:25
5
Lukas 9:26
For den som skjemmest ved meg og orda mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i sin og sin Fars og dei heilage englars herlegdom.
Explore Lukas 9:26
6
Lukas 9:58
Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på.»
Explore Lukas 9:58
7
Lukas 9:48
og sa til dei: «Den som tek imot dette barnet i mitt namn, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg. For den som er minst av dykk alle, er stor.»
Explore Lukas 9:48
Home
Bible
Plans
Videos