1
Lukas 6:38
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Gjev, så skal de få: Eit godt mål, stappa, rista og overfylt, skal de få i fanget. For med det målet de sjølve måler med, skal det òg målast opp til dykk.»
Compare
Explore Lukas 6:38
2
Lukas 6:45
Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer i hjartet, og eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på. For det hjartet er fullt av, det seier munnen.
Explore Lukas 6:45
3
Lukas 6:35
Nei, elska fiendane dykkar, gjer vel og lån bort utan å venta noko att. Då skal løna dykkar vera stor, og de skal vera born av Den høgste. For han er god mot dei utakksame og vonde.
Explore Lukas 6:35
4
Lukas 6:36
Ver miskunnsame, som Far dykkar er miskunnsam.
Explore Lukas 6:36
5
Lukas 6:37
Døm ikkje, så skal de ikkje dømmast. Fordøm ikkje, så skal de ikkje fordømmast. Ettergjev, så skal de få ettergjeving.
Explore Lukas 6:37
6
Lukas 6:27-28
Men til dykk som høyrer på meg, seier eg: Elsk fiendane dykkar, gjer vel mot dei som hatar dykk, velsign dei som forbannar dykk, og be for dei som mishandlar dykk.
Explore Lukas 6:27-28
7
Lukas 6:31
Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei.
Explore Lukas 6:31
8
Lukas 6:29-30
Slår nokon deg på det eine kinnet, så byd fram det andre òg. Tek nokon kappa frå deg, så nekt han ikkje skjorta heller. Gjev til kvar den som bed deg, og tek nokon frå deg det som er ditt, skal du ikkje krevja det att.
Explore Lukas 6:29-30
9
Lukas 6:43
Det finst ikkje noko godt tre som ber dårleg frukt, heller ikkje noko dårleg tre som ber god frukt.
Explore Lukas 6:43
10
Lukas 6:44
Treet kjenner ein på frukta. Dei plukkar ikkje fiken av tistlar og haustar ikkje druer av klunger.
Explore Lukas 6:44
Home
Bible
Plans
Videos