1
Lukas 3:21-22
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Alt folket lét seg no døypa, og Jesus vart òg døypt. Medan han bad, opna himmelen seg, og Den heilage ande dala ned over han i skapnad av ei due. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.»
Compare
Explore Lukas 3:21-22
2
Lukas 3:16
Då tok han til orde og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg, og eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld.
Explore Lukas 3:16
3
Lukas 3:8
Så ber då frukt som viser at de er omvende! Prøv ikkje å seia til dykk sjølve: ‘Vi har Abraham til far.’ For eg seier dykk: Gud kan vekkja opp born for Abraham av desse steinane.
Explore Lukas 3:8
4
Lukas 3:9
Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.»
Explore Lukas 3:9
5
Lukas 3:4-6
slik som det står skrive i boka med profeten Jesajas ord: Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! Kvar dal skal fyllast, kvart fjell og kvar haug skal jamnast ut. Dei krokete vegane skal bli rette, dei steinete stigane bli slette. Og alle menneske skal sjå Guds frelse.
Explore Lukas 3:4-6
Home
Bible
Plans
Videos