Vil ein av dykk byggja eit tårn, set han seg ikkje då først ned og reknar etter kva det vil kosta, for å sjå om han har råd til å fullføra det? For har han lagt grunnmuren og ikkje maktar å gjera tårnet ferdig, då vil alle som ser det, gjera narr av han og seia: ‘Denne mannen gjekk i gang med å byggja, men han greidde ikkje å fullføra det.’