1
Josva 6:2
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Men HERREN sa til Josva: «Sjå, eg gjev Jeriko med kongen og dei modige krigarane hans i dine hender.
Compare
Explore Josva 6:2
2
Josva 6:5
Når hornet læt, når de høyrer lyden frå bukkehorna, skal heile folket setja i eit høgt rop. Då skal bymuren rasa saman, så kvar og ein kan gå rett inn i byen.»
Explore Josva 6:5
3
Josva 6:3
De skal omringa byen; alle krigarane skal gå rundt byen éin gong. Det skal du gjera i seks dagar.
Explore Josva 6:3
4
Josva 6:4
Sju prestar skal bera sju bukkehorn føre paktkista. På den sjuande dagen skal de gå sju gonger rundt byen, og prestane skal blåsa i bukkehorna.
Explore Josva 6:4
5
Josva 6:1
Jeriko var lukka og stengd for israelittane. Ingen gjekk ut, og ingen gjekk inn.
Explore Josva 6:1
6
Josva 6:16
Den sjuande gongen prestane bles i horna, sa Josva til folket: «Rop! For HERREN har gjeve dykk byen.
Explore Josva 6:16
7
Josva 6:17
Byen og alt som er i han, skal vera bannlyst og høyra HERREN til. Berre den prostituerte Rahab og alle som er i huset hennar, skal få leva fordi ho løynde mennene vi sende ut.
Explore Josva 6:17
Home
Bible
Plans
Videos