Då reiste Job seg, reiv sund kappa si og klipte av seg håret. Han kasta seg til jorda og tilbad.
Han sa: «Naken kom eg frå mors liv.
Naken vender eg attende.
HERREN gav, HERREN tok,
velsigna vere HERRENS namn!»
Gjennom alt dette synda ikkje Job. Han krenkte ikkje Gud.