1
Johannes 19:30
Bibelen 2011 nynorsk
Då Jesus hadde fått vineddiken, sa han: «Det er fullført!» Så bøygde han hovudet og anda ut.
Compare
Explore Johannes 19:30
2
Johannes 19:28
Jesus visste no at alt var fullført. Og for at Skrifta skulle oppfyllast, sa han: «Eg er tørst.»
Explore Johannes 19:28
3
Johannes 19:26-27
Då Jesus fekk auge på mor si og såg at den læresveinen han hadde kjær, stod attmed henne, sa han til mor si: «Kvinne, sjå, der er son din.» Så sa han til læresveinen: «Det er mor di.» Frå den stunda tok læresveinen henne heim til seg.
Explore Johannes 19:26-27
4
Johannes 19:33-34
Då dei kom til Jesus, såg dei at han alt var død, og dei knuste ikkje hans bein. Men ein av soldatane stakk han i sida med eit spyd, og straks rann det ut blod og vatn.
Explore Johannes 19:33-34
5
Johannes 19:36-37
Dette hende for at dette ordet i Skrifta skulle oppfyllast: Ikkje eit bein skal brytast på han. Og eit anna skriftord seier: Dei skal sjå på han som dei har gjennomstunge.
Explore Johannes 19:36-37
6
Johannes 19:17
Han bar sjølv krossen sin og gjekk ut til den staden dei kallar Hovudskallen, på hebraisk Golgata.
Explore Johannes 19:17
7
Johannes 19:2
Soldatane fletta ei klungerkrone og sette på hovudet hans og hadde på han ei purpurkåpe.
Explore Johannes 19:2
Home
Bible
Plans
Videos