Og til dette folket skal du seia: Så seier HERREN: Sjå, eg legg fram for dykk vegen til livet og vegen til døden. Den som blir verande i denne byen, skal døy for sverd og svolt og pest. Men den skal få leva som går ut og gjev seg over til kaldearane som kringset dykk. Han får livet sitt som krigsbytte.