Så seier HERREN:
Forbanna er den mann
som stolar på menneske
og søkjer sin styrke i kjøt og blod
og vender hjartet bort frå HERREN.
Han blir lik ein busk i øydemarka,
han får ikkje sjå det gode koma,
han held til i ein ørken av stein,
i det salte landet der ingen bur.