Og dei framande som har slutta seg til HERREN,
som vil gjera teneste for han
og elska HERRENS namn
og vera hans tenarar,
alle som held sabbaten
og ikkje vanhelgar han,
men held fast ved mi pakt,
dei fører eg til mitt heilage fjell
og lèt dei gleda seg i mitt bønehus.
Brennoffer og slaktoffer frå dei
gjev velvilje på mitt altar.
For mitt hus skal kallast
eit bønehus for alle folk