1
Jesaja 1:18
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier HERREN. Om syndene dykkar er som purpur, skal dei bli kvite som snø, om dei er raude som skarlak, skal dei bli kvite som ull.
Compare
Explore Jesaja 1:18
2
Jesaja 1:19
Dersom de er villige og lydige, skal de få eta det gode i landet.
Explore Jesaja 1:19
3
Jesaja 1:17
lær å gjera godt! Søk det som er rett, hjelp den undertrykte, ver forsvarar for farlause, før enkjers sak!
Explore Jesaja 1:17
4
Jesaja 1:20
Men er de uvillige og trassige, skal de fortærast av sverd. For HERRENS munn har tala.
Explore Jesaja 1:20
5
Jesaja 1:16
Vask dykk, gjer dykk reine! Få dei vonde gjerningane bort frå auga mine, hald opp med å gjera vondt
Explore Jesaja 1:16
6
Jesaja 1:15
Når de lyfter hendene, lèt eg att auga for dykk. Same kor mykje de bed, høyrer eg ikkje. Hendene dykkar er fulle av blod.
Explore Jesaja 1:15
7
Jesaja 1:13
Kom ikkje meir med unyttige gåver! Eg avskyr offerrøyken. Nymåne og sabbat, kunngjering av høgtider – eg toler ikkje urett og høgtid.
Explore Jesaja 1:13
8
Jesaja 1:3
Ein okse kjenner eigaren sin, eit esel krubba til herren sin. Men Israel kjenner ikkje, folket mitt forstår ikkje.
Explore Jesaja 1:3
9
Jesaja 1:14
Eg hatar nymånedagane og høgtidene dykkar. Dei er ei bør eg er trøytt av å bera.
Explore Jesaja 1:14
Home
Bible
Plans
Videos