I tru nekta Moses, då han vart stor, å kallast dotterson til farao. Han ville heller lida vondt saman med Guds folk enn å nyta synda ei kort tid. Å lida vanære for Kristi skuld heldt han for ein større rikdom enn skattane i Egypt, for han såg fram til løna. I tru drog han bort frå Egypt utan å ottast kongens vreide. Han heldt ut, for det var som om han såg den usynlege.