1
Haggai 1:5-6
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Men no seier HERREN over hærskarane: Gjev akt på vegane dykkar! De sår mykje, men haustar lite, de et, men blir ikkje mette, de drikk, men sløkkjer ikkje tørsten, de kler dykk, men blir ikkje varme. Og leigekaren får si løn i ein pung med hol i.
Compare
Explore Haggai 1:5-6
2
Haggai 1:8-9
Far opp i fjellet og hent tømmer! Bygg huset, så vil eg ha glede i det og bli æra, seier HERREN. De ventar mykje, men sjå, det blir lite. De får avlinga i hus, men eg blæs henne bort. Kvifor? seier HERREN over hærskarane. Fordi mitt hus ligg i røys medan de har det travelt med dykkar eigne hus.
Explore Haggai 1:8-9
Home
Bible
Plans
Videos