Ei tid etter hende det at kona til herren kasta auga sine på han. «Ligg med meg!» sa ho. Men han ville ikkje og sa til henne: «Sjå, herren min treng ikkje gjera seg suter om noko i huset, han har late meg ta hand om alt. Han er ikkje større i dette huset enn eg. Han har ikkje nekta meg noko utan deg, sidan du er kona hans. Korleis skulle eg då kunna gjera noko så vondt og synda mot Gud?»