Kvart gutebarn hos dykk skal omskjerast når det er åtte dagar gammalt, i slekt etter slekt, både dei som er fødde i huset, og dei som er kjøpte for pengar hos framande, slike som ikkje er av di ætt. Både dei som er fødde i huset, og dei du har kjøpt for pengar, skal omskjerast. Såleis skal pakta mi vera ei evig pakt på kroppen dykkar.