Då gjekk det slik til at så lenge Moses heldt handa i vêret, hadde israelittane overtaket, men så snart han lét handa siga, fekk amalekittane overtaket. Men då Moses trøytna i hendene, fann dei ein stein som han sette seg på. Så støtta Aron og Hur hendene hans, ein på kvar side. Då var hendene hans støe heilt til sola gjekk ned.