Den natta fekk ikkje kongen sova. Han bad dei henta krønika over minneverdige hendingar, og dei las høgt for kongen. Dei fann at det stod skrive korleis Mordekai hadde fortalt om dørvaktarane Bigtana og Teresj, to av evnukkane til kongen, som hadde leita etter eit høve til å leggja hand på kong Xerxes.