No vil HERREN din Gud føra deg inn i det landet som han med eid lova fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob, at han ville gje deg, eit land med store, vakre byar som du ikkje har bygd, velfylte hus som du ikkje har fylt, utgravne brønnar som du ikkje har grave, vinmarker og oliventre som du ikkje har planta. Når du så har ete deg mett, ta deg då i vare så du ikkje gløymer HERREN, som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.