1
2. Korintar 4:18
Bibelen 2011 nynorsk
Vi har ikkje det synlege for auga, men det usynlege. For det synlege er forgjengeleg, det usynlege evig.
Compare
Explore 2. Korintar 4:18
2
2. Korintar 4:16-17
Difor mistar vi ikkje motet. Om vårt ytre menneske går til grunne, så blir det indre fornya dag for dag. Dei trengslene vi no må bera, er lette, og dei skaper for oss ein evig herlegdom som veg uendeleg mykje meir.
Explore 2. Korintar 4:16-17
3
2. Korintar 4:8-9
Alltid er vi utsette, men ikkje kringsette, rådville, men ikkje rådlause, forfølgde, men ikkje forlatne, nedslegne, men ikkje ihelslegne.
Explore 2. Korintar 4:8-9
4
2. Korintar 4:7
Men vi har denne skatten i leirkrukker, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje koma frå oss.
Explore 2. Korintar 4:7
5
2. Korintar 4:4
For guden i denne verda har blinda forstanden til dei vantruande, så dei ikkje ser lyset som strålar frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete.
Explore 2. Korintar 4:4
6
2. Korintar 4:6
For Gud, som sa: «Lys skal stråla fram frå mørkret», han har late det skina i våre hjarte, så kunnskapen om Guds herlegdom i Jesu Kristi andlet skal lysa fram.
Explore 2. Korintar 4:6
Home
Bible
Plans
Videos